Resultat frå undersøkingar som Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet har gjort på vill laksefisk, viser få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk. Undersøkingane er gjort på oppdrag for Mattilsynet som ein del av overvakingsprogrammet for sjukdom på vill laksefisk.

Formålet med overvakinga er å finne ut om smittsam sjukdom på oppdrettsfisk fører til smitte på villfisk. Veterinærinstituttet har hatt ansvaret for villfiskovervakinga i ferskvatn og Havforskingsinstituttet i sjøvatn. Mattilsynet starta overvakingsprogrammet i 2012.

Overvakingsprogram på villfisk
Det vart gjennomført testing for viruset som forårsakar pankreassjukdom (SAV), infeksiøs lakseanemi virus (ILAV), infeksiøs pankreasnekrose virus (IPNV), samt virusa som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV) og hjartesprekk (PMCV).

Med unntak av relativt hyppige førekomstar av PRV hos stamfisk av vill laks i ferskvatn, resulterte overvakinga i få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk. Det ser ut til at sjøaure ikkje er særleg mottakeleg for PD-virus (SAV), men kan vere naturleg infisert med låge nivå av viruset som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV).

Spørsmålet er om få funn av virus skuldast at villfisken ikkje er utsett for noko høgt smittepress av t.d. infeksiøs pankreasnekrose virus eller PD-virus, eller om det er vanskeleg å fange smitta villfisk fordi fisken kan blir alvorleg svekka og overlever i lita grad. Det vil det vere viktig med ytterlegare overvaking dei neste åra for å stadfeste resultata frå 2012 og for å avdekke endringar i smittestatus over tid.

Virussjukdomar i oppdrett
Norsk havbruk har store tap på grunn av smittsame sjukdomar, og det gjeld særleg virussjukdomar. Talet på anlegg som fekk påvist pankreassjukdom auka i 2012, men ein har framleis klart å hindre at denne sjukdomen har fått etablert seg nord for Sør-Trøndelag.

Det er ei positiv utvikling i helsestatus til oppdrettsfisken for enkelte sjukdomar. Når det gjeld dei alvorlege sjukdomane infeksiøs lakseanemi og infeksiøs pankreasnekrose har det vore færre utbrot dei siste åra.

Meld deg på nyhetsbrevet

Meld deg på Faunas gratis nyhetsbrev for å holde deg oppdatert om saker publisert på fauna.no.

Vi spammer ikke! Les vår personvernerklæring.

Fauna.no har gjort et bevisst valg om å være på naturens side, samtidig som vi er uavhengige i journalistikken. Det er ingen motsetning. Våre redaksjonelle vurderinger gjøres uavhengig av politiske, økonomiske og andre særinteresser. Å drive Fauna er en lønnet jobb, ikke dugnadsarbeid. Abonnentene gir oss muligheten til å utvikle Fauna videre, gå grundigere inn i viktige saker og nå ut til flere lesere. Vi trenger flere som mener dette arbeidet er verdt å betale for. Takk for at du leser Fauna.no – og en særlig takk til alle som støtter arbeidet gjennom et abonnement!